Kjartanismen i Volda

Rokken vart gjort om til eit mekka for Kjartanistar den 17. november då Per Áki Sigurdsson Kvikne, betre kjent som Kjartan Lauritzen, inntok scena.

Publisert

Konserten opna med eit smell og alle var med frå første sekund. Kjartan hadde energien til å drive ein heil fest med teamet sitt, og hans gøye dansemoves fekk heile publikummet med seg. I typisk Kjartan-stil kasta han til og med skjorta, og det var akkurat den typen spontanitet som fekk publikum til å juble endå høgare. 

Felleskap og glede

Kjartan Lauritzen, frå den lille bygda Balestrand, fekk sitt gjennombrot med hitten Havanna i 2015. Året 2016 toppa han det heile med utgivelsen av Fredag. Han har etter det gjort seg bemerka i musikkens verd, og for publikummet i Volda vart dette ein kveld fylt med forventning, energi og ein heil del uventa vendingar.

La oss adressere det negative først: Ølkastinga som øydela lysmiksaren var unødvendig, og det var tydeleg at sjølv Kjartan tok avstand frå denne handlinga. Men til tross for dette, handterte han situasjonen fint, slik at konserten kunne halde fram utan det tenkte lysshowet. Kjartan hadde ein inkluderande energi som strøymde frå scena. Han kommuniserte direkte med publikum og skapte ein stemning av fellesskap og glede. 

Høgdepunkta

Tidlegare i år gav han ut songen Shakira, som han dediserte så fint til «sin første stivert». I tillegg er han òg med på songen Badebussen. Desse songane vart dei store høgdepunkta som verkeleg fekk publikum til å eksplodere av begeistring. Dessverre var det ein del dytting i mengda, men ikkje overraskande når det er stappfullt av dedikerte Kjartanistar til stede. 

Energibombe

Alt i alt, til tross for nokre uheldige augeblink, var Kjartan Lauritzen sin konsert ein energibombe som publikum ikkje vil gløyme med det første. Hans energiske tilnærming, inkluderande haldning og imponerande musikalske talent gjorde dette til en uforgløymeleg kveld. For å ikkje gløyme Tarjei på trommer og Teddy som DJ. 

Konserten var ein solid 10/10, ikkje berre på grunn av musikken, men på grunn av den totale opplevinga Kjartan skapte for sine tilhengjarar.

 

Powered by Labrador CMS