2024 blei året der Sanna Nerheim og Kathrin Østrem skulle komma seg i god løpeform.

Ein fylla-avtale som faktisk blei noko av

Me har vel alle avtalt noko på fylla, for så å vakna dagen etter og innsjå at dette var litt vel urealistisk? Når to konkurransemenneske lagar ein slik avtale på fylla, finst det ikkje rom for å trekkja seg. Eg turte iallfall ikkje å seia nei dagen derpå…

Publisert

Då Sanna fortalte meg at ho hadde bestemt seg for å springa halvmaraton i Bergen i april, kunne eg ikkje vera noko dårlegare. Både eg og Sanna har nemleg tenkt på å springa distansen i nokre år. 2024 skulle vera året der me skulle komma oss i skikkeleg god løpeform. 

Når ein skal springa halvmaraton, er det viktig å få i seg nok næring.

Månadane gjekk og plutseleg nærma det seg april og halvmaraton, utan at me hadde hatt noko form for opptreningsperiode. Det me derimot hadde gjort, var å fortelja heile Volda at me skulle springa. To spente og uførebudde jenter sat seg på VY-bussen fredag morgon. Korleis skulle dette gå? Ein ting var likevel sikkert: Me visste at me klarte distansen. Den hadde me nemleg prøvd veka før i all hast. 

Etter sju timar på buss var me på plass i Bergen fredag ettermiddag. Bergens solfylte gatar gav oss livsglede og tente håpet om ein fin morgondag. Me var vel eigentleg einige om at dette var blitt eit slags eksperiment. Kunne me klare å gjennomføre med minimalt med springetrening og førebuing? Med null forventingar og eit håp om å fullføre stod me laurdag morgon på bryggen og venta på at vår pulje skulle gjera seg klar for å springe. 

Me må nesten takka foreldra til Sanna som redda oss frå å ikkje miste løpet. Pulja vår hadde nemleg stilt seg opp og den mangla to stykk. To stykk som var lite orientert. To fnisejenter som har ein tendens til å overvurdere eigne evner. To jenter som trengte ein realitetssjekk. Dei to var oss då. Sanna og Kathrin. 

Mot alle odds fekk eg og Sanna ei fin oppleving i Bergen. Både kjente og ukjente stod på sidelina og heia oss fram frå start til slutt. For å vera heilt ærleg så følte eg meg ganske kul. Det var ikkje mindre motiverande at det var kjekke vaktar langs vegen heller. 

Vêret var ikkje å klaga på i Bergen.

På den siste kilometeren var det fullt av folk frå alle kantar. Me er journalistikkstudentar, så merksemd likar me, men dette var eg ikkje heilt førebudd på. Eg var sveitt, ekkel, og sliten i beina. Det einaste eg klarte å tenkje på var at eg måtte halde meg på beina. Tenk kor flaut det hadde vore å tryna rett framfor målstreken med fleire hundre på sidelina. Både eg og Sanna klarte å halda oss på beina, heldigvis. Eg følte meg som tidenes hovudkarakter der eg sprang... men nja, då var rett nok saman med rundt 15 000 andre hovudkarakterar den dagen. 

Me kom oss begge i mål med ei tid som me var nøgd med. No kan me endeleg seia at me offisielt har fullført eit halvmaraton. Einaste som er litt kjipt, er at me på eit tidspunkt må slutta å snakka om det. For dette har vore personlegdommen vår sidan januar. No må me finna på noko som er endå «sjukare» som me kan snakka om. 

For å prøva å skjula at dette berre er ein skryteartikkel, så tenkte eg å skrive ei liste over ting som kan vera greitt å unngå i forkant av og under løpet. Eg håpar de drar nytte av den!

Prøv å unngå: 

  1. Ingen opptreningsfase. Me hadde vel kanskje fire løpeturar frå januar til april. 

  2. Haldt ikkje kjeft. Fortalte til heile Volda at me skulle springa. Det førte til prestasjonsangst og redsel for å mislykkast. 

  3.  Lite erfaring med distansen. Sprang distansen for første gong ei veke før løpet. Det var så vidt eg blei kvitt gangsperra til løpet i Bergen. 

  4. Åt for mykje god mat i forkant. Blei dårleg i magen…

  5. Stil over komfort. Gjekk i høge helar på pressepris to dagar før løpet. Hadde vondt i beina dagane etter. 

  6. Oppsøkte ikkje informasjon. Altfor lite orienterte i forkant av løpet. Det var rett før me mista pulja vår. 

  7. Ingen gameplan. Skulle eg gå i oppoverbakkane? Springe fortare i nedoverbakke? Ikkje visste eg. Burde tenkt på det før eg stod i situasjonen. 

  8. Dehydrert. Me drakk begge altfor lite gjennom løpet. Burde utnytta vatnstasjonane betre. 

  9. For masse kler. Det gjeld berre meg. Blei j***** varmt til slutt. 

  10. Finare springeklær. Gjeld berre meg igjen. Outfiten var stygg så eg angrar.

Powered by Labrador CMS