STØTTESPILLER: Selv med skade i både leddbånd og tommel jobber Frida med å få kommet tilbake til laget.

Å vera ute med skade

Skaden, ein idrettsutøvar sin verste frykt. Det er lite som kjennes så motlaust som når hovudet vil, men kroppen ikkje fungerar. Til tross for skadeførebygging og restutisjon, er det å vere skada for dei aller fleste som driver med idrett over lengre tid, ein del av gamet.

Publisert Sist oppdatert

Frida Løvdal spelar håndball på Volda Studentidrettslag sitt damelag, men fekk ein kort sesong. Som ein konsekvens av hardt forsvarsspel i ein kamp røyk ho to leddbånd i tommelen tidlegare i høst, og har nå sitte på benken i over 7 veker. Ho legg ikkje skjul på at det har vore tungt å vere vekke frå idretten. 

- Det blir som å ta eit skritt tilbake, og det tærer på motivasjonen

Ei skikkeleg tålmodigheitsprøve

Blir ein først skikkeleg skada, tar det ofte lang tid før ein får komme tilbake. I tillegg til lang ventetid, er ein skadeperiode ofte prega av mykje usikkerheit. Vage svar frå legar, og få svar om kor lang tid det kan ta før ein får vende tilbake, er med på å gjer skaden enda kjipare.

Samtidig stiller det strenge krav til sjølvdisiplin. Ein blir fort frista til å komme tilbake før ein eigentleg er klar for det. Ein må klare å vere streng mot seg sjølv og setje grenser.

Spesielt vanskeleg kan det vere dersom laget verkeleg trenger deg.

- Det er tungt å ikkje kunne gjere noko for laget.

Identitetskrise

Det er lite som er så altoppslukande som ein idrettskvardag. Overgangen blir brå dersom du er vant med å vie store delar av fritida di til sporten. Dette blir ekstra tydeleg i Volda, der miljøet er så lite, og det er begrensa med alternative ting å bruke tida si på.

- Ein havnar veldig i håndballbobla, og blir fort vant til å trene fire dagar i veka, og spele kamp i helga. Det blir eit tomrom å fylle når ein ikkje lenger skal vere med.

Frida fortel at noko av det verste med skadesituasjonen er å miste avbrekket i kvardagen. For å gjøre veien tilbake mindre brå har ho deltatt på treningar og kamp i frå benken store delar av skadeperioden. 

Studenthåndballaget har vore hardt ramma av skader det siste halvåret. Frida er kun ei av seks spelarar som har vore ute i løpet av sesongen. Håndball er dessverre ein sport mange forbinder med skade, særleg belastningsskadar er sterkt utbredt.

Skadefrafallet gjør at studentlaget har slitt med antall spelarar denne sesongen, noko som gjer det enda kjipare å sitje å sjå på i frå benken.

- Noko av det verste er det å sitje å sjå på, og ikkje kunne bidra på banen.

Skummelt å komme tilbake

Når ein har opplevd å bli skada som eit resultat av å drive med idrett, er det naturlig at det kan ligge ved element av frykt når ein returnerer til sporten. Når ein har sett kor lett uhell kan skje og kva for konsekvensar det har, kan det vere vanskeleg å gå like uredd ut på banen. 

- Ein blir veldig bevisst på følgene det kan få.

Frida trur absolutt skadar og risiko er ein stor frafallsgrunn i idretten. Det er lett å miste motivasjonen når man havner ute med skade. Det blir som å ta tre skritt fram, og to tilbake. Når ein i tillegg ser korleis hobbyen kan gå utover helsa, kan det vere fristande å leggje skoene på hylla.

Ho legg derimot til at skaden ikkje har gått nok inn på henne til at ho nokon gong har vurdert å slutte. 

- Eg elskar det for mykje.

Seier ho og fortel at håndballgleden ho får, absolutt gjør dei tøffare tidene verdt det.

- Eg har fått mykje støtte i frå trenarar og i frå laget, og det har hjulpe mykje. Nå gler eg meg berre mykje til å returnere til banen.

Powered by Labrador CMS