Journalistikkstudent Andrine Gald Myklebust er i praksis i P3.

Reisebrev frå P3<3

Første veka i P3 gret eg fordi eg hadde for lite å gjere. Ein månad seinare slost eg mot samiske 9-åringar i lassokasting på direkten.

Publisert Sist oppdatert

Takk for sist, Volda! 

Det var ein fuktig laurdagsmorgon at eg sette meg i bilen saman med min kompanjong Krismo, og tok farvel med sleipe Sunnmørsalpar. Ti timar og ti kjærleikshistorier seinare kunne vi skimte Trondheim: Der vêret er kaldare, sola svakare, og gutane kjekkare. 

Første veka i P3 gret eg fordi eg hadde for lite å gjere. Ein månad seinare slost eg mot samiske 9-åringar i lassokasting på direkten. Du lurer kanskje på kva som skjer dersom du sender sju spontane, surrete og ikkje mist slayande praktikantar til Bartebyen? Mykje. I helgene drar vi på Samfundet og dummar oss ut. På måndagane står vi ved kaffimaskina og fortel våre djupaste hemmelegheiter.

Andrine i godt selskap med kollegaer Anna Nor Sørensen og Jakob Naustdal.

I ein stadig utfordrande kvardag der man lurer på om verda så vidt står til påske, må ein ikkje gløyme viktigheita av journalistens omfattande samfunnsoppdrag. Her kjem altså det som har vore mitt bidrag til å redde demokratiet (litt).

Kva står det i tinder-bioen din? Om du skulle ha sjekka meg opp med eit dikt, kva dikt ville det ha vore? Kva sa læraren til deg då du hadde kreps-syklusen på låret? Fekk du noko napp? Kvifor er du fyllesjuk på søndag? 

Det er også ei trøyst å vite at du deler tørre brødskiver og pastasalat med Tore på Sporet. Også Marcus og Martinus var innom ein dag. Damene på kontoret vart galne. 

Andrine stiller dei gode spørsmåla for å bidra til å redde demokratiet.

Våren er også ei farleg tid. Du kan risikere å bryte bein på isen, eller enda verre: få knust hjartet på nettet. Fyrste veka møtte eg ein gladkristen sørlending som berre åt mat frå søpla (ja, dei finst også i Trondheim). Søppelmannen måtte etter kvart vike for min gamle danske flamme som inviterte på pizza i eit tårn som ruva gode 120 meter over byen. Heller ikkje dansken kunne målbinde prinsessa i tårnet. Eg gjekk hardare til verks og fann nåla i høystakken, betre kjend som pappaguten frå Lillestrøm. Han hadde potensiale, såpass mykje at eg tok han med på vors allereie første date. No spelar han Razika på lydanlegget, har fått seg mullet og saman ser vi Undergrunn sin juni-vlog på YouTube. Resten er som ein Mamma Mia film, berre utan graviditeten og storslåtte bryllaup sjølvsagt.

Let oss ikkje gløyme den eigentlege grunnen til mitt opphald i Trondheim: Eg skal lage radio. Fram til no har eg preika om alt frå mitt hat for Taylor Swift, til spesielle ryddevanar og Henkebabe. Med andre ord: som ei helt vanleg sending på Studentradioen i Volda. Neste veke skal eg leike programleiar og styre musikken (og skuta for øvrig). Kva som skjer rundt neste sving er ikkje lett å vite, men:

Eg kan love god stemning, digg musikk, og ikkje minst ei kjærleikshistorie eller to<3

Yours sincerely,

Andrine Gald Myklebust

<3

Powered by Labrador CMS