Eit uformelt og kjekt miljø å vera ein del av.

Dansa seg inn i det nye året

Nytt år, nye moglegheiter. I 2024 har Volda Studentidrettslag fått salsa på timeplanen.

Publisert

- Treninga var veldig kjekk. Det er noko eg har lyst til å vere med på vidare, seier Anais Aracil Roy og Clarisse Manceaux.

Både Roy og Manceaux er utvekslingsstudentar frå Frankrike. Roy har dansa salsa før, medan Manceaux ikkje har noko særleg erfaring frå før av.

Utvekslingsstudentane Clarisse Manceaux og Anais Aracil Roy var nøgde med treninga.

- For meg som ikkje har dansa før, så var det veldig greit. Alt blei gjort i eit behageleg tempo slik at eg klarte å henga med.

Manceaux legg til at det var fleire grunnar til at ho ville vere med på akkurat denne aktiviteten. 

- Eg ville prøva noko nytt. Eg var nysgjerrig på korleis det var å dansa salsa. I tillegg så likar eg veldig godt spansk musikk.

Ville ha eit dansetilbod i VSI

Kvar onsdag skal Joya Jabbour leia danseglade Volda-studentar gjennom salsa. Jabbour er utvekslingsstudent frå Frankrike. I år har ho tatt initiativ til å få salsa inn som ny aktivitet i VSI.

- Eg har dansa så og seie heile livet. Dei siste to åra har eg dansa mykje salsa og samba. Eg sakna dansetreningar i Volda i fjor. Då bestemte eg meg for å ta initiativ til å starta opp salsa-treningar i VSI.

Trenar Joya Jabbour trivst i trenarrolla.

Det var godt oppmøte på semesterets første salsa-trening. Treninga starta med grunnleggande salsa-steg før ein gjekk saman for å dansa i par.

- Eg synest det er veldig kjekt å sjå engasjementet rundt salsa. Eg likar å sjå at folk har det kjekt med dans. 

Har eit mål

Jabbour ønskjer å få til eit salsa-arrangement i løpet av vårsemesteret.

- Målet er å arrangera ein salsa-fest der ein dansar og byttar litt partnarar. Då får ein brukt det ein har lært på treninga.

Fleire tok turen til Idrettsbygget for å vere med på semesterets første salsa-trening.

Sterk oppmoding

- Dersom du er nysgjerrig og har lyst å dansa, er dette eit godt tilbod. Du treng ikkje å ha noko erfaring frå før av. Det er sosialt og ein fin arena for å møte nye folk. Ein kan både danse og snakke samstundes. Alle som har eit medlemskap i VSI er hjarteleg velkommen. Uavhengig om ein er student eller ikkje.

Salsa-treninga var både lærerik og sosial.
Powered by Labrador CMS